Verdas viktigaste bok, Bibelen, forklart slik at alle kan forstå
Bibelen er så mykje meir enn ei bok, den er eit heilt bibliotek med noveller, biografiar, poesi, helteepos og apokalypsar. For å forstå oss sjølv må vi kjenne Bibelen; boka er heilt sentral for kulturen vår. Men Bibelen kan vere tung å lese. Oslos populære biskop, Kari Veiteberg, gir oss ein enklare veg inn til Bibel-tekstane. Frå evangelia tek ho oss med til det gamle testamentet og vidare til breva, salmane og merkelege tekstar som Johannes' openbaring. Ho fortel om fæle tekstar, og tekstar som har blitt brukt til å halde kvinner nede. Vi får vite kor kjende uttrykk som «perler for svin» og «ulv i fåreklær» kjem frå, og i bokas flotte illustrasjonar ser vi korleis Bibelen er gjenskapt i verdskunsten. Denne kunnskapsrike og inspirerande teksten frå Kari Veiteberg får oss til å oppdage Bibelen på ny, eller for første gong.
Mimi
12/13/2022
Vanskelig å skrive en god bok om Bibelen på så få sider. Nokså god. Ikke de helt store diskusjonene om Bibelens temaer, men greit og lettfattelig. Noen lesefeil
Anonym
11/12/2022
Interessant bok, men vanskelig språk.
To write a review you need to download the app