(5)

Dei svarte svanene

audiobook


Dramatisk jakt pÄ miljÞskurkar.

Ein bÄt krasjar i kaia utanfor fabrikken. Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesÞl i fjorden, og dei kvite svanene har fÄtt svart olje pÄ seg. Stammar olja frÄ bÄten, eller forureiner nokon fjorden med vilje? Kan det vere den rike fabrikkeigaren som kvittar seg med olja? Eller er det den mystiske assistenten hans, Luke, som stÄr bak? NÄr ingen vaksne trur pÄ det Vanja, Sivert og Mo fortel, mÄ Klodeklubben ta saka i eigne hender.

«Dei svarte svanene» er fÞrste bok i «Klodeklubben» - ein heilt ny spenningsserie om miljÞ og klima for barn i alderen 6-9 Är, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljÞfakta frÄ Aftenpostens Ole Mathismoen. I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd pÄ Vestlandet. Men sjÞlv pÄ ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene pÄ jakt etter miljÞskurkar.