"Kvar haust så lenge eg minnest attende hadde far min tømmerdrift. I dei fyrste dagane etter Mikaelsmess marknaden vart det eit svare ståk på garden av folk og hestar. Da kom lauskarar og tok på seg hogging. Og køyrekarar som skodde hestar og vølte køyredoning og skrangla i selar og lekkjer. Hamrane klinka og song i smia. Slipesteinen ylte og kvein under øksekjeftane. Og framved buveggen stod neverkuntane, fylte med tung rnatvare, og kaffikoppen og tobakrullen øvst under det halvopne loket. Han far gjekk mellom bua og stallen og smia og drengestua dagen lang - vog ut vare, smidde lekkjer og kilar, skjefte øksar og tinga med karane. Og eg fylgde med og dilta etter alle stader, og stunda mot den dagen da eg sjølv kunne få vera med åt tømmerskogen."
Svend Bidevind
Bernt Lie
audiobookHistorien om Kristian Birkeland: nordlysets far
Pål Brekke
bookDen tomme vugge
Jens Andreas Friis
audiobookInterrail
Kim Småge
bookFabel Jakop, havet og den lille melketanna
Grete Randsborg Jenseg
audiobookRavnene
Kass Morgan, Danielle Paige
bookHvem er du?
Reidar Lund
audiobookBerre ein hund
Per Sivle
audiobookDen siste mohikaneren
James Fenimore Cooper
audiobookStorbåten
Olav Duun
audiobookDen flygende hollender
Frederick Marryat
audiobookMarens lille ugle
Finn Havrevold
audiobook