(106)

Eit nytt namn

audiobook


Avslutninga pÄ storverket

KunstmĂ„laren Asle bur Ă„leine pĂ„ Dylgja nord for BjĂžrgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I BjĂžrgvin bur ein annan Asle, ogsĂ„ han er kunstmĂ„lar. Dei to Aslane er vener og pĂ„ eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren fÞrebur juleutstilling pÄ Galleri Beyer i BjÞrgvin, finn han venen Asle liggjande i snÞen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn pÄ sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og kÞyrer fram og tilbake til BjÞrgvin pÄ snÞdekte vegar.

I det tredje bandet av «Septologien» nĂŠrmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stilt mĂ„ltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med mĂ„linga. Han ryddar vekk alle mĂ„larsakene og kĂžyrer dei siste bileta til Galleri Beyer i BjĂžrgvin.

I tilbakeblikk fylgjer vi livet til dei to Aslane. Asle mÞter den livslange kjÊrleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, fÄr stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av Ä mÄla bort alle bileta som har fest seg i minnet hans. Asle og Ales flytter etter kvart frÄ byen til huset pÄ Dylgja. Namnebroren gifter seg ogsÄ, men bryllaupet hans endar med ei hulkande brur og eit vondt brot.

Asle har for fyrste gong sagt ja til Ă„ feira jul med Åsleik og syster hans, Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka, og dei byter pĂ„ Ă„ stĂ„ til rors. Med seg har dei to mĂ„larstykke Guro skal fĂ„ i julegĂ„ve. Heime hjĂ„ Guro angar det av rĂžykt pinnekjĂžt.

Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vÄr tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 sprÄk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Nominasjonar og prisar til Septologien:

Det andre namnet:

Langlista til Dublin Literary Award 2020

Langlista til The International Booker Prize 2020

Nominert til Kritikarprisen 2019

Nominert til Brageprisen 2019

Nominert til Stadsteaterns Internationella pris

Nynorsk litteraturpris 2019

Eg er ein annan:

Langlista til Dublin Literary Award 2021

Nominert til Kritikarprisen 2020

Eit nytt namn:

Langlista til Dublin Literary Award 2022

Kortlista til The international Booker Prize 2022

Finalist til National Book Award 2022

Kritikarprisen 2021

Brageprisen 2021


Narrator: Anderz Eide
Duration:

4.6

106 ratings

Anonym

2/7/2024

Ei heilt spesiell bokoppleving - rĂžrde ved djupe kjenslerđŸ„°

Leif

1/26/2024

Sterk opplevelse -

Sverre

10/20/2023

En vakker bok om vennskap, kjĂŠrlighet, Gud og om kunsten.