(0)

Eksperimentet

audiobook


Klassisk forviklingshistorie med alvorlege undertonar

Tvillingane Amund og Amanda skal pÄ ferie til besteforeldra pÄ SÞrlandet. PÄ toget finn dei ut at dei vil bytte namn og klede. Amund skal bli Amanda, og Amanda skal bli Amund. Guten skal bli jente, og jenta skal bli gut. Dei skal late som dei er kvarandre, eit eksperiment som berre skal vare ein kveld. Men sÄ fÄr dei uventa besÞk som ikkje gjennomskodar spÞken, og dÄ blir det vanskeleg Ä byte tilbake ...

Eksperimentet er ei spennande forteljing om eit tema som opptek mange barn: Fantasien om Ă„ vere motsett kjĂžnn.


Narrator: Therese HugĂžy
Duration: