(2)

Familien Gnork

audiobook


Jungelmedisin, klysegutar og verdas viktigaste fotballkamp!

Tom saknar bestevenen Martin, som ligg halvdaud pÄ sjukehuset. Saman skulle dei vunne den superviktige fotballkampen mot den motbydelege erkefienden Preben og laget

hans. Men utan Martin vil dei heilt sikkert tape.

NÄr familien Gnork flyttar frÄ jungelen til Tom sin kjedelege smÄby, blir hÄpet tent.

For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin

som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen. I forsÞket pÄ Ä lage medisinen mÄ bÄde krokodillar, kattar og kvalar til pers som prÞvekaninar, noko som fÄr uana konsekvensar. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar...

«Familien Gnork» er ei sprÞ og munter forteljing om venskap, fiendskap, edderkoppjakt,

flygande krokodillar og heimelaga medisin med utrulege biverknader. Og fotball, sjĂžlvsagt.

Boka er rikt illustrert av Line Halsnes.


Narrator: Frank KjosÄs
Duration: