(3)

Heksejakt og heksebrenning i Europa

audiobook


DĂ„ hekseri og trolldom var blodig alvor!

FrÄ 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 sÄkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.

Heksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. BĂ„let skulle ha ei reinsande kraft.

Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d'Arc og tyske Merga Bien, men ogsÄ norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmÞrske Sva-maska. Vidare fÄr vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for Ä vere hekser. Av desse var det seks smÄjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?

Heksejakta er ikkje over. BĂ„de i Asia, SĂžr- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.


Narrator: Ane Barmen
Duration: