For over 60 år sidan flytta Åshild Ulstrup frå heimbygda Valen i Sunnhordland. Sidan har ho budd i Oslo. Der har ho hatt to ekteskap, oppfostra fire barn og arbeidd som journalist. I dag er ho 80 år, enkje og kallar seg ein livets frilansar.
Ulstrup er ei velkjend radio.stemme som veit å få menneske i tale. No fortel ho frå sitt eige liv. Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.