(0)

Ikkje bare ei mor: dikt

E-book


Ikkje bare ei mor åpnar med barnet sitt blikk på mora. Mora står over og vernar barnet, ho avgjer alt, ser alt. Barnet er i hennar omsorg, hennar vald. Barnet si rolle er også klar: det mest verdfulle ei mor har, samtidig er fosteret i livmora som ein okkupasjon, først fysisk, deretter som bekymring - livet ut.

Dikta spør om kor grensene for omsorga går, og undersøker dei uklare grensene mellom det å elske og å eige eit anna menneske. Kan kjærleiken bli eit overgrep? Samlinga er óg ei slektskapsforteljing, ei skildring av korleis eit menneske riv seg laus frå heimbygda og forfedrane.