(0)

Krig: roman

audiobook


FĂžrste del av tobindsverk om den tyske

okkupasjonen og krigsoppgjeret i Noreg.

Det er vÄren 1940. Gabriel Bratt ventar pÄ bussen heim til familiegardenda tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei Þydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. SÞskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen pÄ kvar sitt vis nÄr tilsynelatande smÄ og ubetydelege handlingar fÄr dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle nÄr det Ä hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? NÄr det Ä oppsÞkje ein barndomskamerat kan fÞre deg rett i hendene pÄ Gestapo? Eller nÄr feil svar kan utsetja deg for den verste pine?

Romanen Krig lÚt oss kjenne den tyske okkupasjonen pÄ kroppen. Det som ser ut som kvardag, er eigentleg ein framand tilstand der propaganda vanskeleg kan skiljast frÄ faktiske nyheiter, der det etter kvart blir umogleg Ä vita kven ein kan stole pÄ, og der ein mÄ vega sine eigne ord sjÞlv pÄ kjÞkkenet over familiemiddagen saman med sine nÊraste.


Narrator: Gard Skagestad

Duration: