(6)

Liv Signe Navarsete: eg veit kva eg snakkar om!

audiobook


Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete opnar opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og om forholdet til Oslo-eliten og mĂžta med maktarroganse og ufine mannfolk.

Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho mĂžtte etter Ă„ ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frĂ„ Sogn er van med hardt vĂȘr. FĂžr ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fĂždselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit smĂ„bruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han ogsĂ„ verdiar Navarsete visste kor viktig det var Ă„ slĂ„st for.

Og slÄst, det har ho gjort. Boka tek oss med pÄ innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho ogsÄ drog dÄ ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

«Eg veit kva eg snakkar om!» gir ikkje berre eit viktig innsyn i ein distriktspolitikars forhold til Oslo-eliten og korleis Navarsete nesten gjekk ut av regjering fordi ho ville redde sjukehuset pÄ Nordfjordeid. Biografien gir ogsÄ eit unikt innblikk i ein kvinneleg politikars mÞte med maktarroganse og ufine mannfolk.


Narrator: Arild Sondre Sekse
Duration: