(48)

Mi briljante venninne: barndom, tidlig ungdom

audiobook


«Mi briljante venninne» er ein stor filmatisk roman frÄ Italias mest kjende ukjende forfattar.

Historia blir fortalt av Elena, som fÄr vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hÄrstrÄ er tilbake, ikkje eit fotografi.

Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svÊrt klÞktige, og Lila ogsÄ for villskapen sin. Ho er trassig, mÞkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse rÞffe gatene lÊrer jentene Ä stole pÄ kvarandre og ingen andre. Elleve Är gammal mÄ Lila avbryte skulegangen for Ä arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med Ä studere, og Lila er berre 16 Är dÄ ho giftar seg med den velstÄande kjÞpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for Ä komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.

Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er ogsÄ forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgÄr frÄ 1950-Ära og fram til i dag.


Narrator: Silje Breivik
Duration: