(0)

Steinauge: roman

E-book


«Heilt frÄ fÞrste setning kjenner ein seg i trygge hender, for Malmin skriv godt pÄ ein ujÄlete mÄte, med naturleg autoritet (...) Malmin innleiar boka med eit sitat av den stÞrste JÊren-forfattaren av alle, Arne Garborg. Men den kontante stilen i dei nynorske setningane hennar og den knappe, men poetiske mÄten Ä vise indre stemningar pÄ, fÄr meg ogsÄ til Ä tenkje pÄ Olav Duun.» Merete RÞsvik, Klassekampen Bokmagasinet

Dei seier at ein ikkje kan velja familien sin, men pÄ stadar som JÊren er det ikkje stort anna ein kan velja heller.

Syskenbarna Ingeborg og Randi har vore venninner sidan barndommen, men valde dei eigentleg kvarandre? Ingeborg skulle ikkje bli bonde, men det blei slik. Randi skulle aldri venda heim, men det blei slik. DÄ Randi blir alvorleg sjuk, er dei begge tvinga til Ä sjÄ seg tilbake, og forholdet mellom dei blir med eitt endevendt og blottstilt.

Det kjennest trygt Ă„ vera tett knytt til eit anna menneske, men Ă„ vera avhengig kan ĂČg Ăžydelegga ein. Nokre gongar kan det vera vanskeleg Ă„ vita forskjell.

«Ærlig og vart om vennskap ... Forfatterens nynorsk er bĂ„de velklingende og hverdagslig, og spekket med poetiske bilder som vever fortida sammen med her og nĂ„. Det lille verket Ă„penbarer liksom en liten perle inni omslaget med det steinbaserte janusansiktet, og jeg anbefaler den gjerne.» FrĂžydis Finstad Gundersen, Hamar Arbeiderblad

«Malmin utviser en narrativ tydelighet sjelden for norske debutanter. (...) Hadde noen fortalt meg at en av fjorÄrets fineste debuter handler om en gammel jÊrbu med serviettsamling, ville jeg nok mÞtt pÄstanden med et by-fnys (...) I Steinauge finnes ikke en eneste overflÞdig skildring. Det skal en dreven forfatter til for Ä sette pennen mot noe sÄnt og gjÞre det tydelig.» Kenneth Moe, Aftenposten

«Sanselig og vakkert og med uforglemmelige situasjoner. SpÞr noen meg, var dette fjorÄrets sterkeste debut.» Jan KjÊrstad, VG