Nokon har drege ein gammal båt opp på stranda ein vårdag, og no ligg han der, stor og løyndomsfull. Det er visst ingen som eig han, og tolvåringane Gunnhild, Ingolf og Sigurd krinsar rundt han medan dei pønskar på kva han kan brukast til. Dette er opptakten til ei tid med mykje spenning, men med alvorlege hendingar óg.