Elisabeth gler seg til språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjerte i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning?
Parallelt med denne historia blir vi tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter. Den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel ?
Ein grøssande oppfølgjer til Svarte-Mathilda som blei nominert til Uprisen 2010.
Frå 11 år.