(0)

Ute, langt der ute: dikt 1967-2021

E-book


I vika langt mot vest

I vika langt mot vest, langs haustmĂžrk strand

kjem svanene igjen, eg ser det no.

Dei duvar lydlaust like attmed land

og speglar seg nÄr sjÞen stig mot flo.

Eg har sett pina skjera andletstrekk,

eg har sett folk ta avskil utan fred,

hĂžyrt dĂžrer smelle, bilar kĂžyre vekk,

men no kjem svanene og slÄr seg ned.

Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,

ein slik klar haustdag, vinter var pÄ veg,

eg sat og sÄg mot botnen av ein fjord

og hĂžyrde vengesus som nĂŠrma seg.

SĂ„ vart det stille. Det gjekk mange Ă„r.

No hÞyrer eg pÄ nytt at venger slÄr.

Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frÄ barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. SjÞlv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange Är sidan, er dei haldne i eit poetisk sprÄk som ikkje blir nedslite av Är og alder.