Romanen er bygd opp omkring ungdommen til Tørber Landsem, son til den drivande arbeidsleiaren i "Stigeren". Tørber rømmer heimanfrå og råkar alt første dagen den sagnomsuste Sulis-kongen. Kongen blir på fleire vis som ein far og læremeister for ungguten Tørber og tek han med på sine vandringar frå landsdel til landsdel,frå anlegg til anlegg,i arbeid, kortspel og rangling. Tørber er langt på vei til å tilegne seg Kongens levemåte og livsfilosofi, men møtet med arbeidarane vekkjer ny solidaritetskjensle og samfunnsånd hos han, og han blir sidan ein framståande arbeidsleiar.