Eg og Pontus går for gull

For av og til må ein vera skikkeleg uskikkelegHar du nokon gong sett ein hest og tenkt at hadde det vore tak i meg, så hadde eg sett meg på den og ridd mot solnedgangen? Har du nokon gong sett på eit fjell og tenkt at hadde det vore litt tak i meg, så hadde eg klatra opp? Har du nokon gong sett ein båt og tenkt at hadde det vore tak i meg, så skulle eg sett meg i den og segla ut på havet? Men så blir det ikkje noko av.Eg og Pontus er ikkje slik som du. Me tenker oss aldri om to gonger. Me gjer alt det du fant ut at du ikkje tør, ikkje kan, ikkje får lov til eller ikkje gidd likevel. Eg og Pontus gjev jernet. Me vekker til liv ein mørklagd by, lagar fest og musikk, gjev kongen fyken og fiksar ein revolusjon. Alt på ein dag.Eg og Pontus går for gull er ei bok om å ikkje gro fast i stolputa, om å kome seg ut og lage minst eit eventyr kvar dag. Om at ein av og til må vera.skikkeleg uskikkeleg.Odd Nordstoga debuterer med eiga bildebok, og dette skjer sjølvsagt i stilsikker verseform. I eit oppdatert eventyrunivers snur Eg og Pontus opp ned på byen, og i full fart går det frå einevelde til demokrati. Treffande illustrert av prisvinnande og kritikarroste Rune Markhus.

Prøv 30 timer gratis

  • Les og lytt i dag
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå

Gjør hvert øyeblikk til et eventyr

  • Ha hundretusener av historier rett i lomma
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Smilende kvinne ser ut av et togvindu, bruker hodetelefoner og holder telefonen sin

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.