Fuglen

"Sigve sikta alltid på fuglen før skuledagen starta. Det var som om fjørkreet sat i dei store skuletrea og venta klokka ti over åtte, som for å terge. På skulevegen brukte Sigve å finne ein høveleg stein. Denne dagen hadde han ein skikkeleg fin ein i handa. Ein flat stein som hadde vore perfekt på vassflata, men den skulle ikkje druknast, berre fly inn i skallen på fuglen. Sigve kjende på den, snurra den litt i dei lubne fingrane. Heilt perfekt. No stod han ved dei store trea. Det hadde allereie ringt inn. Det var gym og då heldt Sigve litt igjen. Han fekk ikkje auge på fuglen med ein gong. Gjekk nærmare, lista seg nesten. Fuglen gav lyd. Den sat høgare enn vanleg. Hadde vel fått nyss om steinen som var av ypparste sort. Sigve la ranselen og plastposen med gymshortsen og dei skeivtråkka joggeskoa frå seg, fann stillinga. Han gjekk litt nærmare stammen, fekk klar sikt. Han kjende det på seg. Det var no. Han pusta tungt ein gong, tok handa sakte bakover, og sende steinen loddrett i veg. Sigve høyrde at den trefte ei grein, så kom eit dunk og eit lite flaks frå vengene. Fuglen deiste i bakken. Den blødde frå eit kutt rett over det eine auget og låg livlaus, stirra på mordaren. Sigve samla saman pose og ransel, la på sprang. Gymnastikklæraren stod og kika utover skuleplassen og fekk auge på niandeklassingen som aldri hadde sprunge så fort før."

Prøv 30 timer gratis

  • Les og lytt i dag
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå

Gjør hvert øyeblikk til et eventyr

  • Ha hundretusener av historier rett i lomma
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Smilende kvinne ser ut av et togvindu, bruker hodetelefoner og holder telefonen sin

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.


Relaterte kategorier