Fengslande roman om skam, skuld og soning.
TV-programleiaren Allis Hagtorn forlèt mann og jobb etter ei offentleg sexskandale og byrjar som hushjelp for Sigurd Bagge, ein mann i førtiåra. Ho skal servere han tre måltid dagleg, halde orden i hagen og elles la han vere i fred. Allis går frå å vere på alles lepper til å bli heilt anonym. Til å begynne med omfamnar Allis den nye situasjonen som ei mulegheit til å starte på ny, men det tar ikkje lang tid før fascinasjonen for Sigurd Bagge dominerer livet hennar. Etter kvart som dei kjem nærare kvarandre, blir det avgjerande spørsmålet: Kven er Sigurd Bagge, og kva vil han med Allis? I eit avsidesliggande hus ved havet har to menneske søkt eksil. Begge har ein løyndom og eit ønske om å sone. Den eine ber på skam, den andre skuld. Kva må til for å kunne starte på ny?





































Siv
9.10.2026
Hun leser boken bra, men fortellingen om en sur og ustabil gubbe, og en nevrotisk og treg dame, var ikke noe for meg.
Ragnhild
5.10.2026
Bra psykologisk spenning men liker ikke nynorsk
Camilla
4.10.2026
Syns denne var flat, kjedelig og forutsigbar.
For å skrive en anmeldelse må du last ned appen