Om denne boken

Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv.

Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller.

Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning.

"Høgfjellsmeldinga" er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.


4.0

6 vurderinger

Tore

21.9.2026

Eg likte boka. Eigentleg så les eg ikkje så mykje bøker, men denne var fengande.

Anders

4.2.2026

Bra

For å skrive en anmeldelse må du last ned appen