Eit veldig snøras knuser eit grønt hus. Ekteparet som ligg og søv i huset, dør i ulykka. I kjellaren ligg ein ung gut. Innestengt av den kalde snøen. Han hører huset skrika. Då raset er over, er han åleine. Gjennom nøye utvalde scener følgjer vi livet hans etter den skjelsettande hendinga. Det går eit ras gjennom denne boka. "Kulde og sinne heng saman i ei lyrisk skildring av natur-krefter i og utanfor menneska. (...) Det er ei sterk historie. Seljestad er god på sinne. Han ser inn i dei som stiller seg utanfor, som ikkje passar inn, og viser fram det boblande, sydande, ukommuniserte."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"Lars Ove Seljestad evner å skrive reflektert om unge sinte menn."
Ane Farsethås, Morgenbladet
"Poetisk og mørk roman (...) Seljestad har, etter 22. juli-tragedien, skrive sin mørke versjon av korleis ein ung mann kan ende opp som ein drapsmann. Og når forfattaren skriv inn Utøya heilt i slutten av romanen, på ein uventa og poetisk, var måte, får denne lesaren isfrysningar på ryggen."
Brynjulf Jung Tjønn, VG (terningkast 5)
"Seljestad held fram med den litterære berserkgangen sin, og ved ein kombinasjon av rå styrke og kløkt vinn han stadig nytt terreng."
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid
"En av høstens beste fra Lars Ove Seljestad. (...) Først og fremst er «Isberg» en grensesprengende original roman, båret av en glød som både bygger opp store landskaper og river dem ned med rasende letthet."
Geir Vestad, Hamar Arbeiderblad