«Jordmor på jorda» er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett. Edvard Hoems tippoldemor, Martha Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor. Då hadde ho to barn, den minste var knapt eitt år gammal. Ferdig utdanna gjekk ho heim igjen, og praktiserte som jordmor i bygdene ved Romsdalsfjorden i meir enn femti år. Mistrua til dei første jordmødrene var sterk, og dette fekk følgjer både for Martha Kristine Nesje og familien hennar. For kva er prisen for å følgje eit kall?
Ut frå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram Martha Kristine Nesje med stor dikterisk kraft. Dette er forteljinga om ei husmannsdotter som verken ville ta namnet til ektemannen eller bøye seg for bygdesnakket, og det er forteljinga om framveksten av det viktige jordmoryrket. Martha Kristine Nesje var mor til slåttekar Knut Hansen Nesje, som mange lesarar kjenner frå «Slåttekar i himmelen»
Åse
18.4.2024
Ei veldig god bok!
Hilde
13.4.2024
Minner i forteller stil om slekt krøniken til Anne Karin Elstad.
Aase
10.4.2024
Liker denne sakte historien
For å skrive en anmeldelse må du last ned appen