Om denne boken

Å beskytte sin eigen bror. Kaj elskar storebror sin, Krister. For Krister kan ALT om robotar, verdsrommet og parallelle univers. Om å ta riktig buss og om å finne dei beste bruktkuppa på dynga. Krister tør å vere seg sjølv. Eller så klarer han berre ikkje å vere noko anna enn seg sjølv. Men det å vere Krister byr også på problem. Med dritsekken Sakke, for eksempel. Til slutt klarer ikkje Kaj å sjå på korleis Krister blir behandla av Sakke og gjengen på skolen lenger. Han må gjere noko. Han må redde Krister! Kvitveis og pissrotter er ei stilrein og sterk barnebok frå ein av Sveriges fremste barnebokforfattarar. Forteljinga om brørne Kaj og Krister vann Augustprisen 2023 for beste barnebok og fekk ei White Raven-utmerking i 2024. Boka er omsett av Mari Reinholt Aas.

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.