Korleis vart internett ein del av oss? Dette spørsmålet utforskar Anne Gunn Halvorsen i denne boka som tar utgangspunkt i hennar eigen oppvekst i ei bygd i nittiåra. Gjennom dagboknotat og intervju med gamle venner og kjærastar, fagfolk og programmerarar fortel ho historia om då internett kom til Noreg: ein unik epoke i norsk mediehistorie då samfunnshierarkiet vart snudd opp ned og barn og unge vart superbrukarar. Det handlar om teknologien, politikken og driftene som gjorde internett til allemannseige. Dette er også ei bok om den første generasjonen som levde ungdomstida si digitalt. Dei som brukte kvar ledige stund til å snakke med framande på nettet utan at foreldra ante kva dei dreiv med. Kva gjorde det med dei? Og kvifor nektar dei no eigne barn å oppleve det same? No er det 30 år sidan internett vart allemannseige i Noreg. «Mitt internett. Då www kom til Noreg» er første bok i ein planlagd trilogi om dei tre siste tiåra til internett. «Nyttårsforsett: Vere mindre på internett?» Anne Gunn Halvorsen, skuledagbok, januar 2000 TERNINGKAST 5!«Halvorsen, dette var gildt. Takk skal du ha. Ei nærhistorisk bok som mange kan kose seg med» -Steinar Brandslet, Aftenbladet
Mitt internett : då www kom til Noreg
Om denne boken

Forfatter:
Språk:
norsk
Format:

Mens vi venter på no' godt

Jakten på en serieovergriper

Bortom all kontroll : Marius Borg Høiby och skandalen som skakade Norge

Til oss : fra de eldste

Året uten sommer

Landet som ble for rikt

Skjerm barna

Til de voksne

Vær så snill, redd meg: Min kamp for kjærlighet etter min fars fryktelige overgrep

Selv om sola ikke skinner : et portrett av 22. juli

Lykkelandet

I udyrenes favn: Hvordan mine foreldre mishandlet og utnyttet meg som liten jente