Har mørket blitt ein avgrensa ressurs?
Vinteren i Noreg er lang og svart. Eller er han eigentleg det? To tredelar av nordmenn bur no slik at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen. Det blir stadig fleire gatelykter, utelys og skjermar. Kva gjer alt dette kunstige lyset med oss menneske, med dyra og alt som lever?
Sigri Sandberg har alltid vore mørkredd. Ho dreg likevel aleine til fjells vinterstid for å finne ut meir om mørket og eigen redsel. Vi møter også ei anna kvinne, Christiane Ritter, som overvintra i ei fangsthytte på Svalbard i 1934.
Sandberg skriv om kva som skjer i kroppen når det blir natt. Ho fortel om søvn, stjerner, svarte hol, nordlys og mørketid, men også om himmellover og den globale kampen for nattehimmelen. Kanskje er det slik at dette mørket Sandberg er så redd for, er mykje viktigare enn vi trur?
Evy
5.9.2024
Lærerik, inspirerende, interessant og fin bok👌🏼
Morten
22.5.2024
Helt ok. Ikke den beste boka av denne forfatteren
Ann-Lise
4.7.2023
Alle må lese denne flotte og lærerike boka😊
For å skrive en anmeldelse må du last ned appen