Om denne boken

Summen av hendingar som formar eit menneske. To menn godt oppi 80-åra. Den eine prøver å drepe den andre. Korleis har dei hamna der? Osvald veks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mor si. Det er som om ho straffar sonen for noko, men trass i at ho er full av forakt, held ho han i eit fast grep. På andre sida av fjorden ligg Storgarden, og der bur jamaldringen Frank. Han har alt Osvald ikkje har, men likevel klarer han ikkje å la Osvald vere i fred. Osvald held seg helst i nærleiken av naboen, Salve smed, eller aleine i skogen. Kvar sundag løftar han på konkylien som ligg på ein av gravsteinane på kyrkjegarden, for å lytte til havet, som ein gong tok far hans. Nålehuset er ein roman om røter og opphav, om lojalitet og draumar som brest.

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.