(2)

Norske sjørøvarar : om plyndring og kapring i norske farvatn

Lydbok


<p>Dei kjempa og slost, drap og blei drepne. For sjørøvarane var livet blodig alvor. På utsida av samfunnet, som lovlause sjømenn, har dei i tusenvis av år gjort havet farleg folk som siglar rundt med varer.

Somme kom frå Noreg. Andre høyrde heime i andre land, men kom til havområda utanfor Noreg for å røva. For dei som blei tatt, venta som regel ein dødsdom.

Historia om dei verkelege sjørøvarane handlar om sjømenn som kom frå fattigdom, men drøymde om rikdom. Men det er òg historia om korleis ulike kongar og dronningar har brukt alle tenkelege verkemiddel for å kjempa til seg makt.

Som i dei fire førre sakprosabøkene for unge (Den norske slavehandelen, Nattmannen, Lepra og Pest og plage) tar Totland også her for seg internasjonale fenomen med eit norsk perspektiv. Bøkene har til felles at dei handlar om ukjende, mørke sider ved norsk historie.

Dette er spennande og lett tilgjengelege bøker for barn og unge som liker korte historier om det som verkeleg har hendt.