(1)

Pest og plage : verdas verste pandemiar

Lydbok


<p>Det har vore skikkeleg tøffe pandemiar i Noreg også før koronaen. Den mest kjente er svartedauden, men også tuberkulose, koppar, lepra og polio har ramma folk og samfunn på brutalt vis. I denne boka fortel Anders Totland om mange av dei verste pandemiane, gjennom skjebnane til enkeltmenneske.

<p>Vi får høyre om losen Knud Jensen som blei smitta med kolerabakterien av lapskausen om bord i skipet han førte ut Drammensfjorden. Vi blir også kjent med Marie Myhr som mista halve familien sin i spanskesjuka tidleg på 1900-talet. Mot slutten av hundreåret blei Jacob Hermansen ramma av hiv-/aids-sjukdommen. Han fortel sjølv korleis han opplevde det, og kva for konsekvensar det hadde, men også om korleis livet etter kvart gjekk vidare.

<p>Boka handlar også om vaksinar og korleis sjukdomane er blitt slått ned. Vi får håpe det er situasjonen for vår tids verste pandemi òg når boka kjem ut i august.

<ul>

<li>Målgruppe frå ti år – og langt oppover.</li>

<li>Spennande og lett tilgjengeleg for barn og unge som liker korte historier frå verkelegheita.</li>

<li><i>Pest og plage</i> er ein frittståande oppfølgar til <i>Den norske slavehandelen, Nattmannen</i> og <i>Lepra</i>. Desse bøkene har til felles at dei handlar om litt ukjente, mørke sider av norsk historie.</li>

</ul>


Oppleser: Endre Hellestveit

Varighet: