Sterk, rørande og humoristisk forteljing om eit sjølvmordsforsøk og livet etterpå.
Sommaren 2009 trudde 29 år gamle Oddvar Vignes at han hadde funne løysinga på alle problema han sleit med. Han bestemte seg for å ta sitt eige liv. Etter den avgjerda kjende han ein stor lette. Oddvar hadde rota økonomisk, han hadde ikkje fullført noka utdanning, kjende seg mislukka både på jobb og som kjærast og son. Han var djupt deprimert, men heldt fasaden. Han var blant anna ein humørfylt gjest i fleire bryllup i tida før alt skulle avsluttast. Ein septemberdag stengde han seg inne på eit hotellrom i Oslo med mål om å avslutte livet. Først måtte han berre skrive alle avskilsbreva som ville få alle han var glad i, til å forstå og godta.
Kvart år tek mellom 600 og 700 nordmenn sitt eige liv. Oddvar Vignes kunne blitt ein i den statistikken. Dette er Oddvars forteljing om oppveksten på Finnøy, ungdomstid, sjølvmordsforsøk og vegen tilbake til livet. Dette er ei historie med håp, ei historie som endar godt, fortald av ein mann med humor.
I dag er Oddvar gardbrukar på Finnøy. Han har teke over garden, gifta seg med Marie og nyleg fått vesle Agnes.
Terningkast 6!
Forfatteren beholder hele tida ambisjonen om å hjelpe oss til å oppdage tegn på ekstrem livssmerte, men uten å etterlate inntrykket av at dødsviljen er noe som hvem som helst kan forstå fullt ut. Han vil ha oss til å gjenkjenne, uten å påstå at vi alle faktisk kan eller skal kjenne oss igjen. «Sjølvmordsforsøket» er en varm og bunnsolid utgivelse.
- Anna Serafima S. Kvam, Stavanger Aftenblad
Linea
29.10.2024
Dålig innleser...
v
22.6.2024
Helt utrolig fortalt. Ikke er det bare saklig refleksjon her, men i tilleg klarer Oddvar virkelig å sette leseren inn i følelseslivet på en måte som gir mening og flyt gjennom hele fortellingen. Jeg vil kalle hele boken fullkommen på alle måter. Utrolig sterk fortelling som rører. Anbefales på det varmeste.
Alfred
2.6.2024
Utrolig rørende.. Tusen takk!
For å skrive en anmeldelse må du last ned appen