(0)

Skap & sørg: eksessar om gørra vi ber på

lydbok


Balstyrig og burlesk showtunesprosa.

«Skap & Sørg» er ei maksimalistisk, syngjande og laussleppt prosasamling med stort språkleg register, ublyg energi og faretruande

humor. Her møter du ein forderva og ufjelg ranglebande som du slett ikkje vil ha på besøk, eit stormforelska par som rømmer heilt ut i verdsrommet for å sleppe unna seg sjølve, kvardagen og den ulmande undergangen, ein bortkomen gud som motvillig set seg ned og skapar ei verd som minner mistenkjeleg om vår eiga, og til og med deg sjølv ei natt du har vanskar med å få sove.

I «Skap & Sørg» utforskar Arne Henning Årskaug mekanismane som får menneske til å trasse og til å lystre, alle dei gørre livsvilkåra ein må hanskast med anten ein vil eller ikkje, på sitt eige gjenstridige og usjenerte vis.