Tretten år gammal syklar ho til sin første sommarjobb på hotellet. Femten år gammal er ho ein stålstreng av vilje, klar til å øydeleggje. Blikket ho har på seg sjølv er både hardt og omsynsfullt. Kroppen har ny form, og det veks dun på ryggen hennar. Til slutt kan ho knapt reise seg, og ho må bu på institusjonen.
"Svart belte" handlar om farleg fridom, om sjukdom som viljesakt og arbeid.