Familien fra Rekneslia

Bokserier ‱ 8 bþker

"Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slÄr blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter Ä ha tent i tidlege ungdomsÄr i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar mÄltida ved herskapets bord. Men ho fÄr ogsÄ erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen.

Ut frÄ eit sparsamt tilfang av historiske fakta lÞftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida fÞr velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder fÄr livsvarige konsekvensar, om draumar om kjÊrleik som aldri vart fullbyrda, men ogsÄ om eit liv fylt av meining.