(0)

Mafiakoden: mafia som estetisk fenomen

E-book


Synest du Don Vito Corleone er kul? Håper du Tony Soprano ikkje blir fengsla og dømt? Heiar du på mafiaen i kampen mot politiet? Paradokset mellom populariteten til mafia som populærkulturelt fenomen og den moralske fordømminga vår av kriminelle i røyndomen er utgangspunktet for denne boka. Dette paradokset kallar forfattaren mafiakoden..

Denne boka dreiar seg mest om oss som mafiakonsumentar. Kva er det ved desse filmane, tv-seriane og bøkene om mafiaen som fengjer oss i så stor grad trass i det moralsk forkastelege? Geir Follevåg (f. 1974) er Ph.D. i Allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare skrive boka Adoptert identitet (2002).