Kortroman frå Odveig Klyve.
?Kvar dag tok eg den svarte kassen fram, opna og såg på innhaldet. Eg strauk over den ruglete overflata med mønster av slangeskinn. Kassen var slitt i kantane etter bruk. Dei tre låsane var rusta. Korfor gøymte han den på loftet. Var det for oss? Eller var det for seg sjølv??
Ei forteljing om å gløyma og hugsa, om å teia og tala, om det mørke og det vidunderlege.
Odveig Klyve (f. 1954) debuterte i 1993 med diktsamlinga ?Rift?. Klyve har skrive 9 diktsamlingar, 8 barnebøker og har gjendikta fleire utanlandske poetar.