Barnas juleroser

For tre Är sidan lanserte Herborg KrÄkevik Barnas Juleroser, eit kvalitetsjulehefte for barn mellom 6 og 12 Är. Dette er eit underhaldande hefte spekka med glade juleforteljingar, teikneseriar, dikt, songar og ikkje minst leikne og morosame illustrasjonar signert nokre av vÄre fremste barnebokillustratÞrar. Blant bidragsytarane finn vi mellom anna Tegne-Hanne, Gulraiz Sharif, BjÞrn F. RÞrvik, Helge Torvund, Anna R. Folkestad, Harald Nortun og Martin Ernstsen. Framsida er illustrert av Malin Falch. Juleroser og Barnas Juleroser er eit samarbeid mellom Samlaget og Story House Egmont AS. I fjor kom albumet Juleroser ut pÄ Grappa Musikkforlag. I Är lanserar dei i samarbeid med Herborg KrÄkevik og Juleroserkvintetten albumet Barnas juleroser med songane som har stÄtt i Barnas juleroser dei fÞrste Ära.