Nobel-serien

Book series ‱ 5 books

I den mĂžrke skogen.

Ein mann kÞyrer av garde utan Ä vita kvar han skal. Han vekslar mellom Ä ta til hÞgre og til venstre og kjem til slutt inn pÄ ein skogsveg med djupe hjulspor. Han stoppar ikkje fÞr bilen stÄr bom fast i ei tuve og kjem korkje fram eller tilbake. Det byrjar Ä snÞ, det blir mÞrkt og kaldt. I staden for Ä gÄ etter hjelp gÄr mannen innover pÄ ein sti i skogen. Han gjer det sjÞlv om det allereie har vorte sÄ mÞrkt at han knapt ser noko mellom trea, og sjÞlv om han tenkjer det er toskeskap Ä gjera slikt.

«SÊrleg verre enn dette hadde eg vel aldri oppfÞrt meg, fyrst kÞyre bilen min fast og sÄ gÄ inn i skogen for Ä finne hjelp, korleis kunne eg vel koma pÄ tanken at det var hjelp Ä finne i skogen, i svarte skogen inne, for ein tanke, nei det vart aldeles feil Ä kalle det for ein tanke, det var meir eit pÄhitt, noko slikt, eitkvart eg berre hadde kome pÄ. Tullete, var det. Reine toskeskapen. Dumskap. Rein og skir dumskap.»

«Kvitleik» er ei lysande forteljing om grensa mellom liv og dÞd.

«Nobelpriset i litteratur Är 2023 tilldelas den norska författaren Jon Fosse, 'för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst Ät det osÀgbara'.»

FrÄ grunngjevinga til Svenska Akademien.

«Det finns en djup vÀrme och naiv blottstÀlldhet i hans avskalade bilder av mÀnsklig erfarenhet.»

Anders Olsson, leiar i Nobelkomiteen i Svenska Akademien.