(0)

På haiketur gjennom Europa: om stareungen Sindre si slitsame reise frå Noreg til overvintring i sør

e-bok


Stareungen Sindre vert født i Båtvika, langt ute på vestlandskysten. Rett før familien skal flyge til Sør-Europa for overvintring, vert eine vengja til Sindre skadd. Korleis skal det gå no? Sindre vil sjølv bu i Båtvika gjennom vinteren, men får ikkje lov. I staden skal han haike med ein av dei store, grøne lastebilane som dagleg køyrer laks frå staden. Men korleis vite kva bil som skal rette vegen? Og så langt sørover at Sindre kjem trygt fram? Får han nokon gang treffe att familien sin? Og er det mogleg å overleve ein slik tur? Sindre får ei dramatisk og slitsam reise, der ikkje alt går som planlagt. I ein eigen del 2 i boka får vi vere med Sindre på nok ei dramatisk hending. Korleis skal han klare å overleve det som no skjer? Boka er forfattaren si debutbok. Ein gamal draum om å skrive er realisert i pandemitida. Ønskje om å formidle noko oppi ei spennande historie er viktig. Difor er boka sterkt inspirert av forfattaren sin bakgrunn frå norsk fiskeoppdrett, men også hans interesse for fuglar og geografi. Og liv.