«Sentrumsungdommen bygde hytte på åsen. Einsemde kom oppover bekken. Det pip i bringa til Sverre. Miljøvernrådgjevaren vart åleine. Britt sendte julekort. Vinden lova ingenting. Han sikra seg garden og vart uvenn med alle syskena». «Jordsjukantologien» er ei fleirstemd diktsamling. Små portrett i eit bygdeunivers. Kva er eigentleg jordsjuke? Kapitalistisk eigesjuke? Lengt mot molda? Sjuk jord? Kjærleik? Sjalusi? Havari?