(0)

Køyre frå Fræna

E-bok


Lars Petter Sveen si debutbok er ein særmerkt blanding av distanserte og samtidig merkeleg frimodige ytringer, knusktørr usentimentalitet og storslåtte natur- og lysskildringer.

Nytt står mot gamalt i den vesle bygda Fræna, og vi møter politisk svært ukorrekte menneske: lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, mobben som marsjerar mot ordføraren sitt hus, og guten som mistenkjer at foreldra puttar sovemedisin i maten hans. Møt unge menn som prøver å køyre vekk frå Fræna, køyrer andre i hel og freistar leva med det, eller som jagar asylsøkarar gjennom skogen.

I Lars Petter Sveen sitt Fræna reisar døde seg midt på lyse dagen, og innbyggjarane ber på mørke løyndomar. Politikk, eventyr og grøsser glir over i kvarandre. Det er ikkje godt å seie kva som er mest uhyggeleg.