Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar. Ho brukte dei annleis enn andre. Ho sa orda rett, men visste ikkje kva dei betydde. Ho smakte på dei, song dei, masa med orda, så dei kom til å bety alt og ingenting, og så blanda dei seg med dei andre lydane hennar, blei borte i leiken med tunga og stemmebanda, forsvann inn i hylet og mumlinga, og me høyrde dei ikkje igjen. Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera. No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne? Syngja er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.
Det uferdige huset : roman
Lars Amund Vaage
audiobookbookKunsten å gå : roman
Lars Amund Vaage
bookSkuggen og dronninga
Lars Amund Vaage
bookMjølketid : roman
Lars Amund Vaage
bookDikt i samling
Lars Amund Vaage
bookDen vesle pianisten : noveller
Lars Amund Vaage
bookSorg og song : tankar om forteljing : essay
Lars Amund Vaage
bookBegynnelsen : roman
Lars Amund Vaage
bookDen stumme : dikt
Lars Amund Vaage
bookDen raude staden : eit dikt
Lars Amund Vaage
bookUtanfor institusjonen
Lars Amund Vaage
bookTangentane : roman
Lars Amund Vaage
book
Mothgirl & The Emperor's New Suit : Sleep Stories Collection
Joel Thielke
audiobookDrömfakulteten : - tillägg till sexualteorin
Sara Stridsberg
bookVictory
Joseph Conrad
audiobookIlluminations
Mary Sharratt
audiobookIngenting av meg : skuespill
Arne Lygre
bookHer lå Tirpitz
Ingrid Storholmen
bookDom Casmurro
Machado de Assis
bookMisjonærene
Adelheid Seyfarth
bookArv och miljö
Vigdis Hjorth
audiobookbookFøling
Ragnhild Eskeland
bookSvart belte
Marianne Clementine Håheim
bookLene din ensomhet langsomt mot min: roman
Klara Hveberg
audiobook