(48)

Tonje Glimmerdal

audiobook


Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen, og den tÞffaste jentungen dalen har sett pÄ lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald pÄ 74 Är, og dei to kjenner kvarandre ut og inn.

Eller gjer dei eigentleg det?

Ein dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan vÄren kjempar med snÞen og fÄr fjella til Ä glitre og elva til Ä buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for Ä berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: Fart og sjÞlvtillit!

«Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjÞlvtillit... Ein bÞr unne ungane sine eit besÞk i Glimmerdalen!»

Opplesing: Maria Parr


Narrator: Maria Parr
Duration: