(4)

Hytta som forsvann

audiobook


PÄ garden der Vanja bur, er dyra nett sleppte ut pÄ beite. Men sÄ blir fleire av dei sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og sÞppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frÄ seg avfall som dyra tar skade av?

«Hytta som forsvann» er andre bok i «Klodeklubben» - ein heilt ny spenningsserie om miljÞ og klima for barn i alderen 6-9 Är, skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Boka inneheld ein bonusdel med miljÞfakta frÄ Aftenpostens Ole Mathismoen. FÞrste bok, «Dei svarte svanene», blir utgitt samtidig som «Hytta som forsvann». I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd pÄ Vestlandet. Men sjÞlv pÄ ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene pÄ jakt etter miljÞskurkar.