(0)

Z for sorry

audiobook


Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for Ä gÄ pÄ danselinja pÄ vidaregÄande. SjÞlvstendige Susan, fri frÄ masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.

Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nÊr? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg? Susan ser pÄ kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit stÞrre bilete, medan andre sviv omkring Äleine i utkanten.

Marit O Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislĂžnte bĂžker for barn, ungdom og vaksne. For novellesamlinga kino (2006) og romanen sĂžkeord: ayotzintli (2010) fekk Kaldhol Kulturdepartementets litteraturpris. Den siste blei utgitt i Tyskland i 2012, og blei nominert til Deutsche Jugendliteraturpreis. Marit Kaldhol er nominert til ALMA-priset 2016, den stĂžrste barnebokprisen i verda, for tredje gong.


Narrator: Ane Barmen

Duration: