Den sjuande far i huset

Det var eingong ein ferdamann som var ute på tur. Langt om lenge kom han til ein stor og vakker gard; det var ein herregard så gild at den gjerne kunne ha vore eit lite slott. 'Her skal det bli godt å få kvile ut,' sa han til seg sjølv då han kom innanfor grinda. Tett ved stod ein gammal mann med grått hår og skjegg og hogg ved. 'God kveld, far,' sa ferdamannen; 'kan eg få låne hus i natt?' 'Eg er ikkje far i huset,' sa gamlingen; 'gå inn i kjøkenet og snakk til far min!' Ferdamannen gjekk inn i kjøkenet; der trefte han ein mann som var endå eldre, og han låg på kne framfor peisen og bles på varmen. 'God kveld, far, får eg låne hus i natt?' sa ferdamannen. 'Eg er ikkje far i huset,' sa den gamle; 'men gå inn og snakk til far min; han sit ved bordet i stova.' Ferdamannen gjekk inn i stova og snakka til han som sat ved bordet; han var mykje eldre enn begge dei andre, og han sat og hakka tenner, rista og skalv, og las i ei stor bok, nesten som eit lite barn. 'God kveld, far, vil du låne meg hus i natt?' sa mannen. 'Eg er ikkje far i huset; men snakk til far min, han som sit i benken,' sa mannen som sat ved bordet og hakka tenner og rista og skalv.

Prøv 30 timer gratis

  • Les og lytt i dag
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå

Gjør hvert øyeblikk til et eventyr

  • Ha hundretusener av historier rett i lomma
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Smilende kvinne ser ut av et togvindu, bruker hodetelefoner og holder telefonen sin

Kom i gang med denne boken i dag for 0 kr

  • Få full tilgang til alle bøkene i appen i prøveperioden
  • Ingen forpliktelser, si opp når du vil
Prøv gratis nå
Mer enn 52 000 personer har gitt Nextory 5 stjerner på App Store og Google Play.