(45)

Kjære pappa: vi er andre menn no

Lydbok


Kvifor er det så vanskeleg å akseptere at foreldra våre, dei som alltid har vore sterke og ansvarsfulle, plutseleg skal bli gamle? Er det fordi vi sjølv må innsjå at vi for alvor har blitt vaksne?

I denne personlege boka utforskar Kjartan Brügger Bjånesøy kva det vil seie å bli eldre. Han fortel om faren som blir ramma av slag, korleis den sterke arbeidsmannen må godta at han er blitt ein annan mann, han må ha hjelp til stadig fleire daglege oppgåver. Og Kjartan sjølv, eit barn av 70-talet, forstår gradvis at han er blitt ein middelaldrande mann med ansvar og plikter.

"Kjære pappa" er ei bok full av kjærleik, sjølvironi, nostalgi og djupt alvor. Det er eit varmt portrett av ein familie og ei klok bok om tida som går og om det å gå inn i nye livsfaser og få nye roller.

"En av de vakreste og klokeste bøker jeg har lest på mange år." Tor Åge Bringsværd



4.7

45 vurderinger

Hilde

19.7.2024

En rørende bok om livet! Meget godt fortalt og lest.

aslaug

27.4.2024

Fantastisk fin og nær bok om det å bli gammal. Behagelig oppleser stemme av forfatteren.

Kristin

4.4.2024

Nydelig, nær og ærlig bok om å få syke foreldre.

For å skrive en anmeldelse må du last ned appen